Prolog
Å feriere med tog krev ei anna tankemåte enn å feriere med bil eller fly. Du har andre krav og grensar for kva som går an og kor du kan reise. Det er ein tankemåte du må settje deg inn i, men når du har gjort det så kjem det av seg sjølv.
Korleis skal du reise
Du skal så klart reise med tog, men eg tenkjer på korleis du skal kome deg fram. Kva treng du med deg, kva må du leite etter undervegs, korleis burde du oppføre deg?
Billett
Du skal reise med tog, men det er no jysla mange tog å velgje mellom, korleis kjøpar du billett til dei forskjellege? Svaret her har du høyrd om allereie, og det er interrail.
Om du skal på ein lengre ferie så er nok interrail alltid billegare enn å kjøpe individuelle billettar. Spesielt om du ventar på eit av dei hyppige sala dei har på sine eigne vevsidar. Når du har ein interrail-billett kan du óg handle setereservasjonar på vevsidane deira der kor dei trengs. Det er så mange ting å kunne om interrail at det kunne vore sitt heilt eiga kapittel.
Bruk appen Railplanner flittig, dette er din digitale interrail-billett og reiseplanleggjar. Den kan togrutane, ser om toget er forseinka, og gjer deg beskjed om kor lenge du har att av billetten din. Railplanner er din beste reisepartnar når du reisar med interrail.
Bagasje
På tog er det enklast med ein sekk. Ein sekk du kan ha på ryggen, og slenge opp på ei hattehylle utan større problem. Koffertar, spesielt rullande, er veldig greie for korte etappar, men no skal du bevege deg mellom vognar, stasjonar, og opp og ned gatar du kanskje normalt sett ikkje ville ha vitja.
Sekken kjem til å vera din ven, og du kjem til å sjå synd i dei som kranglar med tunge koffertar opp og ned trange togvognar. Det fins mange typar sekkar å sjå på, men du har nok lust å sjå etter ein som kan romme ein del liter, er enkelt å pakke ned (og opp), og som har mange lure lommar og stroppar for oppbevaring av kvardagslege ting.
Eg reisar sjølv med ein større sekk på [sjekk antal liter] liter. Den har ein glidelås som går rundt heile fronten, som let meg opne sekken som ein koffert om eg vil det. Det gjer pakkinga særs enkel, samtidig som eg kan opne berre toppen om eg vil unngå å vise togperrongen alt undertøyet eg har med meg. Sekken min er faktisk ikkje berre ein enkelt sekk, den er to. Den kom med ein mindre sekk som eg festar bak på sekken, denne brukar eg å pakke full av greiar som eg oftare har lust å ta fram. Drikke, mat, bøker, kva enn eg kunne tenkt meg å ha tilgong til i togsetet mitt. Om det er noko eg ikkje tør å gå i frå med eit felles bagasjeområde, så tek eg det óg i den lille sekken. Eg hektar den av den store sekken når eg går ombord i toget og har den med meg uansett kor eg sitter. Den store kan eg finne på å gå i frå i ei anna bagasjehylle om eg må.
Du kan absolutt reise med koffert, men eg anbefalar sterkt og tydeleg at du reisar med sekk.
Mat og drikke
Du kjem til å ville ha med deg masse mat og drikke fyrste gong du setter ut på togtur. Eg veit det fordi eg har gjort det sjølv, og ser mange andre gjere det same. Det er strengt talt ikkje noko feil med det, men det kjem til å vera mange moglegheitar til å skaffe seg båe mat og drikke undervegs på turen.
Dei lengste togturane i Europa du kan finne på å ta er opp mot 8 timar, det fins lengre turar, men du kjem neppe til å ta dei med mindre du absolutt har lust. Det er med andre ord ein arbeidsdag du må ha mat og drikke til. Sjekk alltid om toget du skal reise med har kafévogn, det har dei fleste som varar i så mange timar. Ein plass å kjøpe varm mat, drikke, og andre matvarar og snacks. Det er mykje meir koseleg å stå i kafévogna med ein kopp kaffi mens du ser på jordane rulle forbi vindauga, enn å drikke kaffi frå ein tung termos som du må bera på vidare.
På kortare togturar er det gjerne enten kafévogn eller automatar som du kan handle drikke og snacks på. I tillegg, når du har kortare turar, så skal du no alltids på ein togstasjon. Kanskje til og med stoppe innom ein by.
Det er kjipt å pakke for mykje tung mat og drikke som du må bere på lenge, men det er verdt å tenkje på kva faren er dersom toget ditt stoppar. Bergensbanen stoppar til dømes altfor ofte på fjellet, og passasjerar blir sittande fast i fleire timar før dei får hjelp og påfyll av mat.