Skip to main content

Publisering

Eg, Markus, har publisert ein trilogi av teikneseriebøker kalla "No-Good Heroes". På engelsk var den sjølvpublisert på nett og som sjølv-trykte hefta bøker, på norsk blei den utgjeve av ÜBERpress. Du kan kjøpe bøkene frå forlagets eigne sidar.

I det siste har eg fokusert ein del på dikt, men har ikkje fått nokre manus godkjent av forlag enda. Eg har lust å dele fleire av skriveriane mine, så eg gjev ut eit utval av dei her på Dylgja.

Det fyrste prosjektet eg kjem til å prøve meg på er ei reisedagbok frå ein interrail-tur eg dro på sumaren 2023. For no kan du lese meir, praktisk, om den på markus.plus.